Historie

Telemarkfeet er den rasen her i landet som først kom i ordna former med avlsarbeid og offentlege utstillingar.

Den som først og fremst tok opptakten til det var statsagronom Johan Lindeqvist. Han var svensk og kom med nye impulsar frå utlandet. Han fann at feslaget i øvre Telemark var hardført og mjølkerikt, og høvde godt i fjord-, skogs-, fjellbygder.

Første rasefeutstillinga var i Kviteseid 1856. Ti år seinare vart Seljord fast utstillingsstad og har vore det i alle år seinare. Fjøset som framleis ringar inn utstillingsstaden vart sett opp alt i 1867. Eivind Høyeson Nordgarden gav fri grunn så lenge det blir halde fesjå på staden. Med åra kom det også til andre rasar og dyreslag, og mykje folk samlast på Dyrsku`n i september.

Kring i bygdene vart det danna feavlslag og oksehaldsforeiningar. Husdyrkontrollen kom så smått i gang med kontrollassistentar som reiste frå gard til gard. Det var gjerne stor stas når dei kom. Fleire stader var det fylkeslag for telemarkfe. Dei var igjen tilslutta eit landslag. No er alle direkte medlemmer i Landslaget for Telemarkfe. Bladet Telemarkskyri held kontakten mellom folk.

Det er gitt ut stambøker både for oksar og kyr. Den første kom i 1926. Der er omtale av fleire tusen dyr og mykje historikk. Bøkene kan lånast på biblioteket.

I 1946 kom det i gang oksestasjon på Flita i Bø. Kunstig befruktning kunne ta til. Seinare vart garden Lien innkjøpt og stasjonen flytte dit. I 1964 vart drifta overført til NRF (som no heiter Geno), men fjøset og det heile sto inntakt. I samarbeid med Bø Bygdemuseum er alt pussa opp no. Lien som no er museum, er den einaste av dei første oksestasjonane som er att.

Ål utstillinga 2002. Karen Skarpnord med 143 Sølvelin
Foto T.Skarpnord

Etter kvart, og særleg i etterkrigstida kom det inn større storferasar som kunne yte meir. Telemarkfeet og andre små rasar gjekk sterkt tilbake. Men det var framleis semin å få. Nokre bønder heldt enno liv i det gamle kuslaget. Fylkesagronom Torvald Indrebø sytte for at det blei kjøpt inn nokre seminoksar.

Så auka interessa for dei gamle kurasane, og nedgangen for telemarkskua snudde. Lagsarbeidet kom i gang att, og det er handel med livdyr. I Sverige er det ein som har storferasar frå heile Norden. Han kom også til Telemark og kjøpte kalvar. Og no har det kome avlsdyr tilbake att frå Sverige.

Til Dyrsku`n i Seljord kjem det utstillingsdyr langvegs frå. Det er sett opp ettertrakta premiar. Folk set si ære i å mønstre gromkua på beste måte. Det blir også vist telemarkskyr på andre utstillingar. Både eldre og yngre kjem saman for å prate ku.